Korleis kan Noreg styrkje posisjonen sin vidare som romnasjon?
Pressemelding | Dato: 12.06.2026 | Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet arbeider med ei ny stortingsmelding om romverksemd som skal leggjast fram neste år. Meldinga skal peike ut retninga for norsk romverksemd i åra som kjem.
Som ein del av arbeidet inviterer næringsminister Cecilie Myrseth saman med Direktoratet for romverksemd, NIFRO og Abelia aktørar i romnæringa til innspelsmøte torsdag 18. juni kl. 09.00–11.30. Møtet går føre seg på Sjølyst Møtesenter i Drammensveien 165, og det blir kaffe og lett servering frå 8:30.
Målet er å få innspel til korleis Noreg kan leggje til rette for vidare vekst, innovasjon og verdiskaping i romsektoren, og korleis romverksemd kan bidra til å løyse viktige samfunnsutfordringar.
Vi ser fram til gode diskusjonar og innspel frå næringa.
Påmelding innen utgangen av 12. juni.
Presse som ønskjer å delta på innspelsmøtet, kan melde seg på ved å sende e-post til dtv@nfd.dep.no.